Helseundersøkinga

  • Publisert: 14.03.2024
  • Endret: 14.03.2024

Her finn du det sjømannslegar normalt treng i samband med gjennomføringen av ei helseundersøking.

Gjennomføring av helseundersøkinga

Som sjømannslege skal du kontrollere om arbeidstakar har tilstrekkeleg helse til å klare å utføre arbeidet om bord på ein sikker måte, både under ordinær drift og i nødsituasjonar.

Du skal mellom anna undersøke syn/fargesyn, høyrsel, arbeidstakaren si fysiske funksjonsevne, og sjå på eventuell bruk av medisinar mv.

Her finn du ein tabell som beskriv kva deler av undersøkinga som kan delegeras til anna helsepersonell. Sjå oppgåvene merket med "x". 

Ved avslutta undersøking skal du gi arbeidstakaren utskrift av elektronisk helse -og/eller udyktighetserklæring. Dersom elektronisk versjon ikkje er tilgjengeleg, skal du nytte helse- og/eller udyktighetserklæring i papir på skjema KS 0499-1 B/E og/eller KS 0415 B/E. Resultatet frå helseundersøkinga skal alltid etterregistrerast når det elektroniske systemet igjen er tilgjengeleg.

 

Kven betaler for helseundersøkinga

Helseundersøkinga betalast av rederiet.

Rettleiingar:

Veiledning til helseforskriften

Veiledning til rapportering i Altinn

 

Fant du det du lette etter?

NB! Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettsidene.

Til toppen