Sjøfartsdirektoratet har hatt eit verktøy for risikovurdering i fleire år, og no var tida inne for å gjera det meir brukarvenleg og tilpassa nye skjermtypar.

- Det skjer mange ulykker kvar veke, og ofte er mangelfull tryggleikskultur og risikoforståing ein del av årsaka. Me håpar at det nye verktøyet skal gjera det enno enklare å gjennomføra risikovurderingar om bord, seier senioringeniør Kristin Røyrvik i Sjøfartsdirektoratet.

Kristin Røyrvik
Kristin Røyrvik Foto: Sjøfartsdirektoratet

Verktøyet er laga spesielt for å hjelpe dei minste reiarlaga og enkeltpersonføretaka som kanskje ikkje har kjøpt inn eigne system, men det er tilgjengeleg for alle og gratis å bruke.

Dei som har eksisterande risikovurderingar i det gamle verktøyet kan i ein begrensa periode overføra informasjonen til det nye verktøyet. Sjøfartsdirektoratet anbefalar at ein tek i bruk det nye verktøyet så snart som mogeleg. Frå og med 30. januar 2024 vil ny informasjon som blir lagra i det gamle systemet ikkje kunne overførast til det nye. 

– Hensikta med å bruka verktøyet er først og fremst å gjera fartøyet ditt til ein tryggare arbeidsplass, men det kan òg bidra til å oppfylla krava om dokumenterte risikovurderingar, legg Røyrvik til. 

Meir informasjon om Risikoverktøyet, krav til risikovurdering og innlogging finn du på denne sida.