Airbus jobbar med meir enn berre fly. I desse dagar jobbar flyprodusenten med å utvikla teknologi som skal gjera det muleg å overvaka utslepp frå skip som ligg ute på dei store verdshava.  Ei diger drone, som skal fly på 70.000 fots høgde (dobbelt så høgt som vanlege rutefly), blir i desse dagar testa ut i Australia. Planen er å utvikla system som gjer at droner kan varsla om skip som kan ha for høge svovelverdiar i drivstoffet.  Frå nyttår av blir det nemleg ulovleg å nytta drivstoff med meir enn 0,5 prosent svovel på verdshava. I dag er grensa 3,5 prosent.

– I dag kan me ikkje kontrollera skip under seglasen, kun i land. Det ønsker me å gjera noko med, seier Thomas Angell Bergh, som leier underavdeling inspeksjon, revisjon og beredskap i Sjøfartsdirektoratet. Sjøfartsdirektoratet er ein av fleire sjøfartsadministrasjonar som vurderer eit samarbeid med Airbus om prosjektet, og har vore i møter med flyprodusenten. I tillegg til høgtsvevande droner jobbar Airbus med å utvikla svovelsnifferar som kan brukast på fly og satelittar.

– Tanken er ikkje at ein skal bøtelegga skipa utfrå informasjonen me får frå det nye utstyret, men at ein skal kunne få indikasjonar om kva skip som bør kontrollerast når dei klappar til kai, seier Bergh.

 

TRAPPAR OPP DRONESATSING

Kampen mot svovelsynderar blir også trappa opp heime i Noreg. I løpet av hausten blir droner med spesialutvikla svovel-snifferar tekne i bruk på Kystvakten sine fartøy.

– No går deronene gjennom eit omfattande arbeid med testing og sertifisering. Det er viktig å sikra at informasjonen dei hentar inn er korrekt, seier Bergh.

Prosjektet er ei vidareføring av eit  samarbeid mellom Sjøfartsdirektoratet, Kystverket, Kystvakten og Statens Strålevern. Dronene er spesielt utvikla for å kunne tåla eit hardt miljø med mykje regn og vind. Dei har også lang flytid og rekkevidde.

 

FLEIRE BRUKSOMRÅDER

I tillegg til direktoratets svovelsnifferar er det blitt utvikla ulike sensorpakkar for samarbeidspartnarane i prosjektet.

– Dronene har infrarødt kamera og kamera med 30 x optisk zoom som kan brukast til søk og redning, men også spaningsoppdrag for politi og tollvesen, seier Joachim Hovland i Norse Asset Solutions, som står bak det tekniske.

Det er kun ein av sensorpakkane som kan nyttast samtidig forutan kameraene som er fast installert på dronene. Dersom Kystvakten flyr på oppdrag for Direktoratet for strålevern og atomberedskap vil det berre vera deira sensor som er kopla til drona. Skal drona nyttast til oljevern vil ein truleg nytta eit infrarødt kamera eller kamera med optisk zoom.