Rundskriv
  • Dato: 12.02.2015
  • Gyldig til: 31.12.2016
  • Serie: RSV
  • Nr: RSV 2 - 2015
  • Saksnr: 2013/25765 - JTO/TONO

Oppdatering av bemanningsoppgåver som følgje av revidering av STCW-konvensjonen

LAST NED HEILE RUNDSKRIVET SOM PDF

STCW-konvensjonen vart revidert i 2010. Som følgje av dette er gamle kvalifikasjonskrav endra, og nye er komne til. Dette gjeld mellom anna for matros, elektrikar, elektrikaroffiser og motormann.

Bemanningsoppgåver som er utferda utan rette kvalifikasjonskrav må oppdaterast for å få korrigert kvalifikasjonskrava til 2010-endringane i STCW-konvensjonen. Dette vil stort sett gjelde bemanningsoppgåver utferda før 1. januar 2012. Utan riktige tilvisingar vil bemanningsoppgåva ikkje vere i samsvar med internasjonale reglar etter 31. desember 2016. Dermed vil andre statar ikkje godta bemanningsoppgåva som grunnlag for bemanning ved hamnestatskontroll. Bemanningsoppgåva vil heller ikkje vere i samsvar med kvalifikasjonsforskrifta av 2011.

For å oppdatere bemanningsoppgåvene må reiarane søkje Sjøfartsdirektoratet om oppdatert bemanningsoppgåve. Søknadar som berre gjeld oppdatering av kvalifikasjonskrava for stillingar som allereie er med i bemanningsoppgåva skal ikkje sendast på vanleg skjema. I staden kan den sendast på e-post til post@sdir.no, faks (52 74 5 0 01) eller vanleg post (Sjøfartsdirektoratet, postboks 2222, 5509 HAUGESUND). Søknaden skal innehalde følgjande:

- namn på skipet, kallesignal og IMO-nummer
- kopi av gjeldande bemanningsoppgåve

Dersom elektrikar skal inngå i tryggleiksbemanninga, må reiarlaget vurdere nøye om det skal vere skipselektrikaroffiser, jf. kvalifikasjonsforskrifta § 44, jf. STCW III/6) eller skipselektrikar, jf. kvalifikasjonsforskrifta § 45, jf. STCW III/7.

Dette rundskrivet gjeld berre oppdatering av informasjon for å tryggje at bemanningsoppgåva er i samsvar med endringane i STCW. Dersom det ligg føre andre endringar enn dei som er nemnt over må Sjøfartsdirektoratet vurdere tryggleiksbemanninga på ny, sml. bemanningsforskrifta §§ 4, 7, 8, 9 og 10. Søknad må då fremjast på søknadsskjema som vanleg. Dette gjeld også om nye stillingar skal førast inn, til dømes elektrikar. Grunnen til dette er at Sjøfartsdirektoratet vil måtte vurdere heile bemanninga på ny før krav om elektrikar eventuelt kan verte ført inn.

Direktoratet gjer merksam på at det er fare for stor sakspågang i tida før fristen, og oppmodar reiarane til å sende inn søknad så snart som mogleg, og seinast innan april 2016. Dei nye sertifikatkrava vil uansett ikkje verte gjort gjeldande før 1. januar 2017.

Bemanningsoppgåver som allereie har korrekt tilvising til STCW-konvensjonen, treng ikkje oppdaterast. Sjøfartsdirektoratet oppmodar alle reiarlag om å undersøkje tilvisingane til konvensjonen i bemanningsoppgåvene for deira skip.

Det vil ikkje verte kravd gebyr for bemanningsoppgåver som vert utferda for å føre inn nye kvalifikasjonskrav etter forenkla sakshandsaming i samsvar med dette rundskrivet.

 

Til toppen