Nye krav til fargesynsundersøking

  • Publisert: 23.03.2017

Frå 1. juli 2014 kom det nye krav til testing av fargesyn hos sjøfolk, i samsvar med dei endringane som vart gjort i STCW-konvensjonen etter ‘Manila amendments’. Dette medfører at den gamle ordninga med «lanternetesting» ikkje lenger held mål.

Bildet viser inngangangspartiet på Kornrad Birkhaugshus i Bergen, som huser Yrkesmedisinsk avdeling.
ENDRINGAR: For å sørga for at dei nye krava blir stetta, og for å korta ned ventetida, vil all fargesynstesting av sjøfolk skje på Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland Universistetssjukehus i Bergen, som ligg i Konrad Birkhaugs hus.
FOTO: HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Etter A-koden i STCW-konvensjonen, skal fargesynstesting skje i samsvar med dokumentet «International Recommendations for Colour Vision Requirements for Transport», utgitt av «Comission Internationale de l’Eclairage».  Dette betyr at det no er tre ulike klassar av fargesyn, CIE-standard 1, 2 og 3, utanom fråvær av fargesyn.

 

Nye krav

Standard 1 er minstekrav for bruvakt på skip over 500 tonn, standard 2 minstekrav for bruvakt på skip under 500 tonn, standard 3 minstekrav for maskinistar.  I tillegg er det ein særleg merknad for maskinistar. Dersom dei oppfyller alle andre krav i tabell A-I/9, kan ein godta at maskinisten ikkje har fargesyn.

Norsk senter for maritim medisin har retta førespurnad til alle augeavdelingar i Noreg vedkomande testing for fargesyn etter denne standarden. Ingen har svart at dei utfører slik testing i samsvar med krava i forskrifta.

 

Yrkesmedisinsk senter tar over testinga

Augeavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus har no bede Yrkesmedisinsk avdeling om å overta fargesynstesting etter tilvising frå sjømannslegar. Augeavdelinga meiner – slik dei fleste andre augeavdelingar gjer – at det er vanskeleg å prioritera fargesynstesting av friske personar når dei har så mange sjuke som ventar på time. Derfor har også ventetida ved dei fleste augeavdelingar som undersøkte etter gammal metode (lanternetest) vore lang.

Ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus er det kort ventetid for undersøking. Takstane er som for andre polikliniske undersøkingar ved sjukehuset.

Sjøfartsdirektoratet informerer alle sjømannslegar om endringane. Førebels er det berre Haukeland Universitetssjukehus som utfører testing i samsvar med krava. Dersom andre sjukehus, sentra eller spesialistar tar opp tilsvarande testing, vil Sjøfartsdirektoratet oppdatera sjømannslegane om endringane. 

Til toppen