Senioringeniør Kolbjørn Berge frå Sjøfartsdirektoratet tala om godkjenning av hydrogen som drivstoff på skip. Her saman med Ivan Østvik frå NCE Maritime CleanTech.

Onsdag 22. februar var Sjøfartsdirektoratet med i klyngesamlinga til NCE Maritime CleanTech i Haugesund, der tema var teknologistatus for hydrogen i maritim bruk.

– Vi meiner at hydrogen som drivstoff på skip er fullt mogeleg å få til med ein ryddig prosess, sa senioringeniør Kolbjørn Berge. Han leier ei nyoppretta prosjektgruppe hos Sjøfartsdirektoratet som fokuserer på ny teknologi, og direktoratet er godt rusta til å ta imot nye utfordringar.

Tryggleik viktig

– Regelverket er ikkje eit hinder i utviklinga. Det opnar tvert om opp for å tenkje nytt og innovativt om design og utvikling av teknologi. Det viktige er at det overordna tryggleiksnivået er like høgt som på konvensjonelle oljedrivne maskineri, og det vil vere krav om risikoanalysar og eksplosjonsanalysar for å sikre trygg bruk, legg han til. Han anmoder alle som sit med gode idear, til å ta kontakt med Sjøfartsdirektoratet tidleg i prosessen for å bli kjent med gjeldande reglar.

Fleire prosjekt på trappene

Fleire interessante prosjekt er i gang. Mellom anna er Statens Vegvesen i ferd med å utfordre reiarlag, verft og teknologimiljø til å utvikle ei ferje som kan gå på hydrogen. Dei har i desse dagar invitert til ein dialogkonferanse for aktuelle reiarlag og leverandørar. Prosjektet skal gjere nullutsleppsteknologi mogeleg for strekningar som ikkje er egna for berre elektrisk drift. – Me er svært positive til å samarbeide med næringa for å realisere hydrogenprosjekt, seier Sjøfartsdirektør Olav Akselsen.