Ledige stillingar
Sjøfartsdirektoratet legg ut alle ledige stillingar som skal fyllast ut på internettsidene til Sjøfartsdirektoratet og på nav.no
På linken https://sjofartsdir.easycruit.com/ får du tilgang til dei stillingane som til kvar tid er ledige. Her finn du og informasjon om stillingane og søknadsprosessen.
Du kan sende søknaden ved å trykkje på knappen "send søknad" som du finn på slutten av stillingsannonsen. Me gjer oppmerksam på at det ikkje er mogleg å endre teksten i søknaden etter at han er send, men at det er mogleg å endre på innhaldet i CV-en din i søknaden. Det kan difor vere lurt å ha teksten klar på førehand og lime han inn i søknaden. Om du ønskjer det, er det også mogleg å registrere sin eigen CV i databasen vår. Dette gjer det mogleg å bruke CV-en opp att på fleire stillingar, og gjer at ein kan få varsel om ledige stillingar etter kvart som dei vert lagde ut på internettsidene våre.
Sjøfartsdirektoratet har sommarjobbar innanfor ingeniørfaga, og dei blir annonserte fyrste kvartal kvart år som andre stillingar.
Når det gjeld lærlingplassar, så vart desse handsama gjennom samarbeid med opplæringsnemnda. Dette inneber at Sjøfartsdirektoratet ikkje vil vurdere søknader som blir sende hit.
Rutinane for tilsetjing følgjer av tenestemannsloven og inneber mellom anna at alle tilsetjingar i direktoratet blir behandla i eit tilsetjingsråd som er samansett av leiinga og dei tilsette med like mange representantar.
Publisert:
Sist endret: