Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Sjøfartsdirektoratet med klarare språk

Språket er vårt viktigaste verktøy i kommunikasjon med våre brukarar. Difor er det viktig at vi brukar språket slik at vi blir forstått.

– Sjøfartsdirektoratet sin nye språkprofil skal hjelpa oss med det, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen. Han er svært nøgd med profilen han nett har fått i hendene, og som no skal ut til alle tilsette i direktoratet. Akselsen håpar profilen blir eit praktisk arbeidsverktøy for dei tilsette. Sjølve språkprofilen er eit hefte på 28 sider som forklarar korleis ein skriv klart, strukturert og lett forståelege brev, vedtak og andre tekstar. Profilen har fått namnet "Sjøfart, så klart". Prosjektet "Klart språk i Sjøfartsdirektoratet" starta sommaren 2010, då direktoratet fekk midlar frå "Klart språk i staten". Ei intern arbeidsgruppe har i samarbeid med eit eksternt konsulentfirma utvikla språkprofilen, og det skal gjennomførast kurs for alle dei rundt 300 tilsette i direktoratet. Språkprofilen har også vore på høyring hos alle tilsette.

Formålet med prosjektet har vore å skapa auka bevisstheit om korleis direktoratet sine tilsette formulerar seg skriftleg. Eit klarare språk vil samtidig gjera oss meir brukarvennlege. Som eit offentleg tilsynsorgan har Sjøfartsdirektoratet eit særleg ansvar for å nytta eit språk som blir forstått. Det er viktig at de som mottek brev frå oss, enkelt forstår innhaldet.

– Sjøfartsdirektoratet forvaltar eit omfattande og komplisert regelverk. Målet vårt er å kommunisera endå betre med brukarane våre, mellom anna ved å fatta tydelege og klare enkeltvedtak, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

No står det igjen å kursa alle tilsette i språkprofilen, og ikkje minst å syta for at alle brevmalar, datasystem og prosedyrar blir oppdaterte i samsvar med profilen. Dette er eit omfattande arbeid som vil gå føre seg ut 2011.

Rådgiver Elisabeth Hynne, sjøfartsdirektør Olav Akselsen og kommunikasjonsdirektør Eilif Fjon

 
logo

Kontakt oss

Telefon
52 74 50 00
Telefaks
52 74 50 01

Adresser

Sjøfartsdirektoratet
Postboks 2222
5509 Haugesund
Besøksadresse
Smedasundet 50A
5528 Haugesund 
Fakturaadresse
Sjøfartsdirektoratet
Fakturamottak DFØ, Boks 4104
2307 Hamar
Skipsregistrene NIS/NOR
Postboks 1013 Sentrum
5808 Bergen
Besøksadresse:
Valkendorfsgaten 6
5012 Bergen

Skjøter, pantedokumenter og øvrige registreringspapirer må alltid sendes direkte til Skipsregisteret i Bergen